Feeds:
Innlegg
kommentarar

Frå primstaven

1.september er ein viktig folkeleg merkedag for haustveret. Frå og med Agder og rundt kysten nord til Nordfjord meinte dei at om egidius (1.september) var god, vart det godt ver like til mikkjelsmesse 29/9, medan dei på Austlandet rekna at veret skullle stå ved lag i sju veker. I Gaular kunne dei strekkje seg like til nyttår. Er det tørrver den dagen, vert hausten tørr, og regnar det, så vert hausten våt. Frå Alver: Dag og merke,1981.

 

Boktips

Anya Ulinich: Petropolis. Å lese bøker frå andre kulturar er viktig, det er spennande, og det er lærerikt. Dette er ei bok frå Russland, landet er i ferd med å utvikle seg til ei katastrofe, både politisk og økonomisk. Der er naud og fattigdom, og det russiske folket manglar mykje av alt.

Hovedpersoner er Sasja Goldberg, halvt jødisk og halvt svart, men likevel erkerussisk. Mora har høge ambisjonar for dottera, ho ønskjer nok å realisere sine eigne draumar gjennom dottera. Piano, fiolin, kunstløp og ballett er kultivert og viktig – men opptaksprøvane går dårleg for Sasja. Dei ønskjer seg vekk frå det russiske regimet, draumen om Amerika (dit faren til Sasja har reist) held liv i dei. Det endar med at Sasja kjem seg over til Amerika, kultursjokket er enormt, Amerika er spennande men også skremmande.

1.mai – Gauksmess

Denne dagen har ofte ein fugl som merke på primstaven. Då venta folk at gauken skulle koma. “Han gjel ikkje før den første, og teie ikkje etter den tiande”, heitte det i Alversund. Allmeint heiter det at gauken gjel ikkje på berr kvist. Med gauksmesse kom sommaren sa dei somme stadar i Sør-Noreg. Her vart dagen ein viktig merkedag, for gauksmesseveret fortel om sommaren. I Alversund sa dei: “Vert det verskifte då, vert det tørke, i Gaular rekna dei med snø i fjellet, “for då kalvar hjorten”.

Eldre innlegg »