Jens Brekke kjem på vitjing til Gaular torsdag 13.januar og vil vere med på to arrangement, på Kyrkjelydshuset kl. 11.00, og på Bygdeheimen kl. 14.30. Samlinga på Kyrkjelydshuset er Gaular Pensjonistlag sitt januarmøte, andre interesserte kan kome for å høyre Jens Brekke.
Les for meg er vidareføring av prosjektet Leseombud på Gaular bygde- og sjukeheim. Les for meg er eit samarbeidsprosjekt mellom Gaular folkebibliotek og Gaular Frivillighetssentral, og vert støtta med midlar frå Den Kulturelle spaserstokk.