Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Siste opningsdag

Siste opningsdag for i år vert som følgjande:

Viksdalen, onsdag 18.desember.
Sande, måndag 23.desember.

Første opningsdag etter nyttår vert:
Sande, måndag 6.januar.
Viksdalen, onsdag 8.januar.

Kom innom biblioteket og lån med deg bøker, lydbøker, filmar, teikneseriar, musikk eller tidsskrift heim til jul!

Det blir pinlig uansett av Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland.

Elias, ein 16-åring som har flytta åleine til Oslo, har i lengre tid hatt auge på ei jente som tek same buss som han. Ho sit der berre med ei blå mappe mellom hendene. På mappa står ei e-postadresse. Til slutt tek Elias mot til seg og sender henne ein e-post.

Slik byrjar ei e-postutveksling mellom dei to, Elias og Susanna, og det er denne som utgjer romanen. Formatet gjer at lesaren står likt med dei to karakterane. Er det sant alt som Elias skriv? kan vi undrast med Susanna. Kvifor fortel ho dette, vil ho kanskje møte meg? kan vi tenkje med Elias. Ved nokre høve leier det som vert skrive, fortald, til handling ute i verda. Kva skjer då med utvekslinga mellom dei? Er ting endra? Er det noko som ikkje lenger kan seiast, noko som ikkje lenger kan gjerast?

I meldingar av boka har det kome fram at forfattarane visst nok ikkje har møttest medan dei skreiv boka, og heller ikkje planlagt noko. Kanskje er det nettopp difor boka framstår slik ho gjer; forfattarane er nøydde til å prøve seg fram, skrive inn ting, sjå kva den andre plukkar opp. Nett slik som karakterane dei skriv om.

Elias er nynorskbrukar og Susanne skriv bokmål. Vi får vite litt meir om dei etter kvart, men dei vert aldri heilt klåre. Dei forblir gåtefulle, løyndomsfulle for oss, slik som dei er for kvarandre. Lesaren veit ikkje noko meir enn dei. Kjem dei til å møtast? Korleis vil det i så fall gå?

Boka kan du reservere her!

Mange søkemotorar (til dømes Google) lagrar informasjon om kva du har søkt på tidligare, kva lenkjer du har trykt på osb. Sorteringa av trefflista ved seinare søk vil så verte påverka av dette. Det gjer at to personar ikkje nødvendigvis vil få fram den same trefflista, sjølv om ein skulle søke på nøyaktig dei same orda. Somme gongar kan dette hindre ein å finne sider og informasjon ein kunne hatt glede av.

Her vil eg kort omtale to søkemotorar, som ein kan nytte seg av som eit supplement. Den første lar ein søke anonymt og har mange nyttige verktøy, medan den andre lar ein gå djupare inn i trefflista utan å måtte bla gjennom titals (eller hundretals) av sider.

DuckDuckGo – Rart namn, men særs nyttig. Denne lar deg søke anonymt, og ein kan også søke anonymt på andre søkemotorar via denne. Nokre gongar kan det vere greitt med trefflister tilpassa ein sjølv, men andre gongar kan det
filtrere vekk informasjon som kan vere relevant, eller gjere det vanskelegare å oppdage noko nytt. I tillegg har motoren fleire gode
funksjonar, til dømes !bang-funksjonen. Med denne kan ein søke direkte på andre nettstadar. Til dømes vil søket bibliotek yt!, ta deg
direkte til Youtube-trefflista for bibliotek, eller til dømes bibliotek !nrkr, som tar deg til NRK sitt radioarkiv. Les meir om søkemotoren og sjå ein kort forklaringsvideo (engelsk) her.

MillionShort – Denne sida presenterer seg sjølv meir som ein «oppdagelsemotor» enn som ein søkemotor. Her kan du fjerne den første millionen med treff, eller dei 100 000 første (eller titusen, tusen, hundre). Når ein leitar etter informasjon etter visse emner, eller ein berre ønskjer å sjå om det finst relevante ting også lengere ned på trefflista, er denne sida god. Den kan altså fungere som eit godt tillegg til eit «vanleg» søk. Her kan ein gå på oppdagelseferd. Kanskje ligg det skattar, begravd under dei mest dominerande sidene, som ein elles ikkje finn.

Brasil i 1890-åra. Bentinho har bygd ein tru kopi av barndomsheimen frå Rua de Matacavalo (i nærleiken av Rio de Janeiro), i eit forsøk på å binde barndommen og alderdommen saman:

«Men, kjære leser, jeg klarte verken å gjenskape barndommen eller den jeg en gang var. […] Om det bare var andre mennesker jeg savnet, så vel og bra. Man kommer saktens over tapet av andre mennesker. Men den jeg savner, er meg selv, og dette tapet betyr alt.»

Bentinho har bestemt seg for å skrive ei bok om livet sitt, noko han hevdar å gjere ut av keisemd, og som han latar til å gjere motvillig. Men ein kan like godt tenkje seg at han har eit ønskje om å dele historia. Sitatet ovanfor syner ei splittinga mellom då og no, som er viktig for forteljaren. Kvifor blei ting som dei blei? Dette freistar han å finne ut av.

Første del av boka er ei sanseleg og levande skildring av hans ungdommelige kjensleliv, av hans forelsking og forhold til nabojenta Capitu. Det ligg ei hindring i vegen for dei to. Bentinhos mor har avlagd eit løfte om at sonen skal bli prest; det vil seie at han ikkje kan gifte seg. Korleis han og Capitu legg planar for å overkomme dette er skildra med varme og humor. Den aldrande mannen minnast desse tidene med stor innsikt og med ei språkføring som det gjer det til ei glede å lese boka.

Sjølv om tittelen vert forklart allereie i det første kapittelet, er vi som lesarar nyfikne på korleis kallenamnet Dom Casmurro, «Herr Grinebiter», har blitt hengjande ved han. Kvifor lev han no einsam og tilbaketrekt, han som var ein lukkeleg ung mann? Sakte, men sikkert, glir forteljinga fram mot dei avgjerande situasjonane …

Men ein kan ikkje stole beint fram på forteljaren. Han er upåliteleg. Ein kan ikkje nødvendigvis ta hans tolkingar for god fisk. Særskild avsluttinga av romanen kan skape ei viss uhygge hjå lesaren. Forteljarens «konklusjonar» er slett ikkje sikre.

Machado de Assis store kunst er å ha skapt ei så levande forteljarstemme. Bentinho sjølvransaking er både gledeleg og sørgeleg å vere vitne til. Forfattaren skildrar kjenslemessige djupner med ein skarp penn, og kjem romanen gjennom med presise og tankevekkjande observasjonar. Lesaren kan glede seg over formuleringar som ofte har utgangspunkt i allmennmenneskelege erfaringar. Bentinho er ein karakter som lesaren vekselvis kan sympatisere med og føle avstand til. Han vil framkalle ulike kjensler og reaksjonar frå lesar til lesar.

Romanen er altså full av språkleg kreativitet, innfall og vedunderlege parti. Setningane flyt lett av garde, utan noko form for knoting. Dette er i stor grad også omsetjar Christian Rugstads forteneste. Eg veit ikkje korleis romanen er på originalspråket, men gjennom Rugstad omsetjing har boka fått ei norsk språkdrakt som gjer at ein forstår kvifor ho blir så velakta.

No ser eg fram til å ta fatt på ei anna bok av forfattaren, Brás Cubas’ posthume memoarer, som kom på norsk samstundes.

Joaquim Maria Machado de Assais (1839-1908) vert sett på som ein av dei største brasilianske forfattarane, særskild innanfor realismen. I hans levetid var han ein sentral kulturpersonlegdom i heimlandet, men det var kanskje først etter hans død at populariteten spreidde seg utover landets grenser.

Litteraturhistorisk peiker også denne boka tilbake til Laurence Sternes klassikar «Herr Tristram Shandys liv og meninger» (1759-1767), som eg også kan tilrå. Felles for dei begge er humoren, det språklege overskotet, og ei kjensle av dei er ei like frisk og fine lesaropplevingar i dag, som då dei kom ut.

Alle dei omtala bøkene kan du låne på biblioteket. Lenkjer til bibliotekkatalogen finn du nedanfor.

Dom Casmurro

Brás Cubas’ posthume memoarer

Herr Tristram Shandys liv og meninger

Eit lite utval av nytt for born og ungdom!

  • Unni og Gunni gjer det fint. Dei to pingvinane Unni og Gunni ønskjer å gjere det fint i heimen, og då treng ein blant anna hammar og spikar!
  • Kaptein Blå – Kaptein Blå elskar blått. Havet er blått, så då passar det jo fint at han er kaptein. Men ein dag vert feiarmeister Svart med på båten – og då er ikkje lenger havet blått.
  • Kaptein Nero – Ny lydbok i Ingvar Ambjørnsens serie om Samson og Roberto.
  • Rubinen – Bok nummer to i den spennande Dauinger-serien, som høver godt for 4.-7.klasse. Den første boka heiter Ute av tiden. Liv, død og kjærleik – treng ein meir?
  • Svarte-Mathilda III – Populær grøssarserie for 11+. Kanskje enno mørkare og skumlare enn dei to første.

Ei fullstendig liste over alt nytt for born og ungdom så langt i år (bøker, lydbøker og film), finn du her!

seljestad2

24.oktober, kl 19.30, Gaular folkebibliotek, Sande.

Kom til biblioteket på Sande og høyr forfattar Lars Ove Seljestad lese og fortelje frå forfattarskapen sin! Hovudvekta vil vere på landets første fabrikkdikt, Storspring, som kom ut i sommar. I diktet spelar smelteverket i Odda ei sentral rolle. Denne boka vil også vere utgangspunkt for eit bokbad med Seljestad, som er ein av dei fremste samtidsforfattarane i Noreg. Han debuterte i 2005 med romanen Blind.

Sande blandakor vil bidra med song både før og etter. Arrangementet er gratis og vil vare omlag ein time.

Ønskjer du å lese Storspring eller ei av dei andre bøkene til Seljestad før du går på arrangementet, kan du sjølvsagt låne dei på biblioteket.

Alle sidene høver godt for både ungdommar, foreldre, lærarar og bibliotekarar.

Ungdomsboka – god og aktuell blogg. Bibliotekar Bjørn Veen ved Gjesdal folkebibliotek omtalar nye ungdomsbøker.

Ubok – ein nettstad for ungdom. Her kan ein diskutere bøker med andre lesarar, skrive bokmeldingar og finne boktips. Sida har eigen blogg, diskusjonsforum og bokbase.

Uprisen – sida til Ungdommens kritikarpris. Informasjon om prisen, omtale av nominerte bøker, bokmeldingar, intervju med tidligare vinnarar, tips til å skrive gode bokmeldingar osb.