Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2010

Boktips

Barndom på 60-talet

Hugsar du barnetimepose og smak av peanøtter og cola? Har du sete med øyret klistra til radioen og notert rundetider? Har du gnåla på  «Yellow Submarine?» Då er du sikkert eit barn av 60-talet.

Dette er ei av bøkene i ein serie om oppvekst på 50-, 60-, 70- og 80-talet.

Read Full Post »

Primstaven

12.mars – Gregorsmesse

Gregorsmesse var i katolsk tid ei viktig kyrkjehøgtid til minne om St.Gregor, pave Gregor den store (590-604). I kyrkjetradisjonen vart Gregor gjerne framstilt med ei due på aksla. Mange primstavar har ein fugl som merke, det er rimeleg å identifisere denne som ei due. Men i tradisjonen som følgde vart fuglen teken for å vere ei kråke, kråka kjem gjerne innover landet frå sjøkanten denne tida, og vert rekna som eit vårteikn.

Folk tenkte seg vårjamdøger ved gregorsmess. Over heile landet finst rimet: «Gregors tid, natt og dag like vid». Linnver ved gregorsmesse var eit godt merke for komande års høyavling. Vidare: dryp det frå kyrkjetaket tre dropar frå nordsida av kyrkjetaket, vil det bli eit godt år. Motsett meinte dei i Gaular at nordavind ved gregorsmesse spådde ein kald vår.

Frå Alver: Dag og merke

Read Full Post »

Informasjon om Mappa mi

To elevar ved Viksdalen skule har laga ein presentasjon av utlånsordninga Mappa mi. Med Mappa mi låner du bøker via Internett og administerar eigne lån, ønskjelister og reservasjonar. Obs. Du må ha Nasjonalt lånekort for å kunne bruke Mappa mi.
Sjå presentasjonen som Torgeir Timenes Bell og Jørgen Ness har laga.

Read Full Post »