Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2010

Frå Primstaven

1.mai – Gauksmess

Denne dagen har ofte ein fugl som merke på primstaven. Då venta folk at gauken skulle koma. «Han gjel ikkje før den første, og teie ikkje etter den tiande», heitte det i Alversund. Allmeint heiter det at gauken gjel ikkje på berr kvist. Med gauksmesse kom sommaren sa dei somme stadar i Sør-Noreg. Her vart dagen ein viktig merkedag, for gauksmesseveret fortel om sommaren. I Alversund sa dei: «Vert det verskifte då, vert det tørke, i Gaular rekna dei med snø i fjellet, «for då kalvar hjorten».

Read Full Post »

Bøker av Victoria Hislop

Øya.  Dette er ei bok om venskap, familie, og kjærleik. Det er også ei bok om urett, spedalske, og om ei familietragedie. Ei engelsk jente reiser til Kreta for å finne røtene sine, ho får der ei uventa oppleving og ei uventa historie. Ei fengjande bok som inneheld menneskekunnskap, historie og samfunnskunnskap. Øya Spingalónga utafor nordkysten av Kreta var den største leprakolonien i Hellas frå 1903 til 1957.

Hjemkomsten. Denne boka er bygd opp på same måten som Øya, ei britisk kvinne er på ferie i Spania. Eit tilfeldig kafebesøk fører henne inn i ei dramatisk forteljing frå den spanske borgarkrigen. Boka gir på same måten menneskekunnskap i ei historisk ramme.

Read Full Post »