Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2011

2.februar

Kyndelsmesse var opphavleg ein religiøs festdag. Dagen var markering av at Jesus vart ført til tempelet, det var Maria sin renselse, innføring i tempelet 40 dagar etter Jesu fødsel. I følgje katolsk tradisjon gjekk prestane i prosesjon gjennom kyrkja og bar brennenede vokslys, av dette kyndel=lys.

I folkeleg tradisjon har kyndelsmesse vore ein viktig merkedag, litt ulikt for dei enkelte landsdelar. På Vestlandet heitte det «Kyndelsmess tøyr, er jamgodt med tie lass høy». Kyndelsmess vart også rekna som midtvinter, halvparten av vinterforet til dyra måtte vere igjen. Bjøren snudde seg om i hiet – halve vinteren er gått.

Kyndelsmesse-Knut drege jula ut, om ein har halde på jula så lenge, så er det slutt 2.februar. I Nord-Norge vart kyndelsmess omtala som kjerringjuledagen. Ved denne tida hadde kvinnene fått utrusta mennene for fiske, dei kunne ta ei kvild, kome saman for drøs og god mat.

Read Full Post »