Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2011

Sommarles 2011

Biblioteka i indre Sunnfjord samarbeider om lesekonkuranse for barn i alderen 6-13 år.

Sommaren er ei fin tid for lesing. Les sjølv, eller finn nokon som kan lese for deg. Du kan lese både bøker, teikneseriar, og høyre på lydbøker. Hugs at biblioteket og har bøker som er lette å lese.

På biblioteket får du eit leskort, på lesekortet skriv du inn alle bøkene du har lese i sommar. Du må lese minst 5 bøker (200 sider) for å vere med i trekning av premiar. Premie blir gitt til dei som les mest, men det vil og bli trekt tilfeldige vinnarar mellom dei som deltek.

Utfylt leskort må leverast på biblioteket før 20.august. Dei som blir med på Sommarles blir invitert til eit arrangement på sitt lokale bibliotek. God lesesommar!

Read Full Post »