Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2012

Sommarles 2012

Det blir sommarles i år også!

Sommarles er for barn mellom 6 og 13 år. Etter skulestart kårar vi den mest lesande i aldersgruppene 6-9 år og 10-12 år. Dei mest lesande får premie, deltakarpremie blir også trekt så alle har sjanse til å få premie.

Sommaren er ei fin tid for lesing. Les sjølv eller finn nokon som kan lese for deg. Du kan lese bøker, teikneseriar eller høyre på lydbøker. Biblioteket har også bøker som er lette å lese

Kom innom biblioteket i tida 11.juni til 15. august for å få lesekort. På lesekortet skriv du inn alle bøkene du har lese i sommar. Frist for å levere lesekortet er 27.august.

God sommarles!

Read Full Post »