Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2013

seljestad2

24.oktober, kl 19.30, Gaular folkebibliotek, Sande.

Kom til biblioteket på Sande og høyr forfattar Lars Ove Seljestad lese og fortelje frå forfattarskapen sin! Hovudvekta vil vere på landets første fabrikkdikt, Storspring, som kom ut i sommar. I diktet spelar smelteverket i Odda ei sentral rolle. Denne boka vil også vere utgangspunkt for eit bokbad med Seljestad, som er ein av dei fremste samtidsforfattarane i Noreg. Han debuterte i 2005 med romanen Blind.

Sande blandakor vil bidra med song både før og etter. Arrangementet er gratis og vil vare omlag ein time.

Ønskjer du å lese Storspring eller ei av dei andre bøkene til Seljestad før du går på arrangementet, kan du sjølvsagt låne dei på biblioteket.

Read Full Post »

Tre gode sider om ungdomsbøker

Alle sidene høver godt for både ungdommar, foreldre, lærarar og bibliotekarar.

Ungdomsboka – god og aktuell blogg. Bibliotekar Bjørn Veen ved Gjesdal folkebibliotek omtalar nye ungdomsbøker.

Ubok – ein nettstad for ungdom. Her kan ein diskutere bøker med andre lesarar, skrive bokmeldingar og finne boktips. Sida har eigen blogg, diskusjonsforum og bokbase.

Uprisen – sida til Ungdommens kritikarpris. Informasjon om prisen, omtale av nominerte bøker, bokmeldingar, intervju med tidligare vinnarar, tips til å skrive gode bokmeldingar osb.

Read Full Post »

Stengt bibliotek 10/09

Biblioteket på Sande har stengt tysdag 10/09 på grunn av seminar.

Read Full Post »

Her er eit lite utval av nye sakprosabøker for vaksne som har kome til biblioteka:

  • Vill glede – ei bok om friluftsliv med born. Turar frå forskjellige stadar i landet vert skildra, og ein finn turtips til alt frå lavterskelturar til turar med overnatting under open himmel.
  • Likar du å strikke kan du finne mange nye mønster frå Setesdal i Strikk fra Setesdal – tradisjon med ny vri
  • Komlelandet – Komle/raspeball/komper/klubb/ball osb. Kjært born, mange namn … Dette er ei hyllest til komla, og er ei «reise i raspeballen sitt kokevatn.»
  • Ølbrygging og mikrobryggeri er i vinden. Boka Ølbrygging fra hånd til munn passar både for dei som vil ha råd og tips til korleis ein kan brygge øl sjølv, og til dei som berre ønskjer litt meir kunnskap om drykken. Inneheld oppskrifter frå blant anna Kinn og Ægir.
  • Serien Arkelogene var populær medan den gjekk på TV tidligare i år. No har serien blitt følgd opp med ei bok.

Velkommen innom biblioteket!

Read Full Post »