Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2013

Dom Casmurro av Machado de Assis

Brasil i 1890-åra. Bentinho har bygd ein tru kopi av barndomsheimen frå Rua de Matacavalo (i nærleiken av Rio de Janeiro), i eit forsøk på å binde barndommen og alderdommen saman:

«Men, kjære leser, jeg klarte verken å gjenskape barndommen eller den jeg en gang var. […] Om det bare var andre mennesker jeg savnet, så vel og bra. Man kommer saktens over tapet av andre mennesker. Men den jeg savner, er meg selv, og dette tapet betyr alt.»

Bentinho har bestemt seg for å skrive ei bok om livet sitt, noko han hevdar å gjere ut av keisemd, og som han latar til å gjere motvillig. Men ein kan like godt tenkje seg at han har eit ønskje om å dele historia. Sitatet ovanfor syner ei splittinga mellom då og no, som er viktig for forteljaren. Kvifor blei ting som dei blei? Dette freistar han å finne ut av.

Første del av boka er ei sanseleg og levande skildring av hans ungdommelige kjensleliv, av hans forelsking og forhold til nabojenta Capitu. Det ligg ei hindring i vegen for dei to. Bentinhos mor har avlagd eit løfte om at sonen skal bli prest; det vil seie at han ikkje kan gifte seg. Korleis han og Capitu legg planar for å overkomme dette er skildra med varme og humor. Den aldrande mannen minnast desse tidene med stor innsikt og med ei språkføring som det gjer det til ei glede å lese boka.

Sjølv om tittelen vert forklart allereie i det første kapittelet, er vi som lesarar nyfikne på korleis kallenamnet Dom Casmurro, «Herr Grinebiter», har blitt hengjande ved han. Kvifor lev han no einsam og tilbaketrekt, han som var ein lukkeleg ung mann? Sakte, men sikkert, glir forteljinga fram mot dei avgjerande situasjonane …

Men ein kan ikkje stole beint fram på forteljaren. Han er upåliteleg. Ein kan ikkje nødvendigvis ta hans tolkingar for god fisk. Særskild avsluttinga av romanen kan skape ei viss uhygge hjå lesaren. Forteljarens «konklusjonar» er slett ikkje sikre.

Machado de Assis store kunst er å ha skapt ei så levande forteljarstemme. Bentinho sjølvransaking er både gledeleg og sørgeleg å vere vitne til. Forfattaren skildrar kjenslemessige djupner med ein skarp penn, og kjem romanen gjennom med presise og tankevekkjande observasjonar. Lesaren kan glede seg over formuleringar som ofte har utgangspunkt i allmennmenneskelege erfaringar. Bentinho er ein karakter som lesaren vekselvis kan sympatisere med og føle avstand til. Han vil framkalle ulike kjensler og reaksjonar frå lesar til lesar.

Romanen er altså full av språkleg kreativitet, innfall og vedunderlege parti. Setningane flyt lett av garde, utan noko form for knoting. Dette er i stor grad også omsetjar Christian Rugstads forteneste. Eg veit ikkje korleis romanen er på originalspråket, men gjennom Rugstad omsetjing har boka fått ei norsk språkdrakt som gjer at ein forstår kvifor ho blir så velakta.

No ser eg fram til å ta fatt på ei anna bok av forfattaren, Brás Cubas’ posthume memoarer, som kom på norsk samstundes.

Joaquim Maria Machado de Assais (1839-1908) vert sett på som ein av dei største brasilianske forfattarane, særskild innanfor realismen. I hans levetid var han ein sentral kulturpersonlegdom i heimlandet, men det var kanskje først etter hans død at populariteten spreidde seg utover landets grenser.

Litteraturhistorisk peiker også denne boka tilbake til Laurence Sternes klassikar «Herr Tristram Shandys liv og meninger» (1759-1767), som eg også kan tilrå. Felles for dei begge er humoren, det språklege overskotet, og ei kjensle av dei er ei like frisk og fine lesaropplevingar i dag, som då dei kom ut.

Alle dei omtala bøkene kan du låne på biblioteket. Lenkjer til bibliotekkatalogen finn du nedanfor.

Dom Casmurro

Brás Cubas’ posthume memoarer

Herr Tristram Shandys liv og meninger

Read Full Post »

Nytt på hylla

Eit lite utval av nytt for born og ungdom!

  • Unni og Gunni gjer det fint. Dei to pingvinane Unni og Gunni ønskjer å gjere det fint i heimen, og då treng ein blant anna hammar og spikar!
  • Kaptein Blå – Kaptein Blå elskar blått. Havet er blått, så då passar det jo fint at han er kaptein. Men ein dag vert feiarmeister Svart med på båten – og då er ikkje lenger havet blått.
  • Kaptein Nero – Ny lydbok i Ingvar Ambjørnsens serie om Samson og Roberto.
  • Rubinen – Bok nummer to i den spennande Dauinger-serien, som høver godt for 4.-7.klasse. Den første boka heiter Ute av tiden. Liv, død og kjærleik – treng ein meir?
  • Svarte-Mathilda III – Populær grøssarserie for 11+. Kanskje enno mørkare og skumlare enn dei to første.

Ei fullstendig liste over alt nytt for born og ungdom så langt i år (bøker, lydbøker og film), finn du her!

Read Full Post »