Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2013

Det blir pinlig uansett

Det blir pinlig uansett av Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland.

Elias, ein 16-åring som har flytta åleine til Oslo, har i lengre tid hatt auge på ei jente som tek same buss som han. Ho sit der berre med ei blå mappe mellom hendene. På mappa står ei e-postadresse. Til slutt tek Elias mot til seg og sender henne ein e-post.

Slik byrjar ei e-postutveksling mellom dei to, Elias og Susanna, og det er denne som utgjer romanen. Formatet gjer at lesaren står likt med dei to karakterane. Er det sant alt som Elias skriv? kan vi undrast med Susanna. Kvifor fortel ho dette, vil ho kanskje møte meg? kan vi tenkje med Elias. Ved nokre høve leier det som vert skrive, fortald, til handling ute i verda. Kva skjer då med utvekslinga mellom dei? Er ting endra? Er det noko som ikkje lenger kan seiast, noko som ikkje lenger kan gjerast?

I meldingar av boka har det kome fram at forfattarane visst nok ikkje har møttest medan dei skreiv boka, og heller ikkje planlagt noko. Kanskje er det nettopp difor boka framstår slik ho gjer; forfattarane er nøydde til å prøve seg fram, skrive inn ting, sjå kva den andre plukkar opp. Nett slik som karakterane dei skriv om.

Elias er nynorskbrukar og Susanne skriv bokmål. Vi får vite litt meir om dei etter kvart, men dei vert aldri heilt klåre. Dei forblir gåtefulle, løyndomsfulle for oss, slik som dei er for kvarandre. Lesaren veit ikkje noko meir enn dei. Kjem dei til å møtast? Korleis vil det i så fall gå?

Boka kan du reservere her!

Read Full Post »

To nyttige søkemotorar

Mange søkemotorar (til dømes Google) lagrar informasjon om kva du har søkt på tidligare, kva lenkjer du har trykt på osb. Sorteringa av trefflista ved seinare søk vil så verte påverka av dette. Det gjer at to personar ikkje nødvendigvis vil få fram den same trefflista, sjølv om ein skulle søke på nøyaktig dei same orda. Somme gongar kan dette hindre ein å finne sider og informasjon ein kunne hatt glede av.

Her vil eg kort omtale to søkemotorar, som ein kan nytte seg av som eit supplement. Den første lar ein søke anonymt og har mange nyttige verktøy, medan den andre lar ein gå djupare inn i trefflista utan å måtte bla gjennom titals (eller hundretals) av sider.

DuckDuckGo – Rart namn, men særs nyttig. Denne lar deg søke anonymt, og ein kan også søke anonymt på andre søkemotorar via denne. Nokre gongar kan det vere greitt med trefflister tilpassa ein sjølv, men andre gongar kan det
filtrere vekk informasjon som kan vere relevant, eller gjere det vanskelegare å oppdage noko nytt. I tillegg har motoren fleire gode
funksjonar, til dømes !bang-funksjonen. Med denne kan ein søke direkte på andre nettstadar. Til dømes vil søket bibliotek yt!, ta deg
direkte til Youtube-trefflista for bibliotek, eller til dømes bibliotek !nrkr, som tar deg til NRK sitt radioarkiv. Les meir om søkemotoren og sjå ein kort forklaringsvideo (engelsk) her.

MillionShort – Denne sida presenterer seg sjølv meir som ein «oppdagelsemotor» enn som ein søkemotor. Her kan du fjerne den første millionen med treff, eller dei 100 000 første (eller titusen, tusen, hundre). Når ein leitar etter informasjon etter visse emner, eller ein berre ønskjer å sjå om det finst relevante ting også lengere ned på trefflista, er denne sida god. Den kan altså fungere som eit godt tillegg til eit «vanleg» søk. Her kan ein gå på oppdagelseferd. Kanskje ligg det skattar, begravd under dei mest dominerande sidene, som ein elles ikkje finn.

Read Full Post »