Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Nyttig’ Category

To nyttige søkemotorar

Mange søkemotorar (til dømes Google) lagrar informasjon om kva du har søkt på tidligare, kva lenkjer du har trykt på osb. Sorteringa av trefflista ved seinare søk vil så verte påverka av dette. Det gjer at to personar ikkje nødvendigvis vil få fram den same trefflista, sjølv om ein skulle søke på nøyaktig dei same orda. Somme gongar kan dette hindre ein å finne sider og informasjon ein kunne hatt glede av.

Her vil eg kort omtale to søkemotorar, som ein kan nytte seg av som eit supplement. Den første lar ein søke anonymt og har mange nyttige verktøy, medan den andre lar ein gå djupare inn i trefflista utan å måtte bla gjennom titals (eller hundretals) av sider.

DuckDuckGo – Rart namn, men særs nyttig. Denne lar deg søke anonymt, og ein kan også søke anonymt på andre søkemotorar via denne. Nokre gongar kan det vere greitt med trefflister tilpassa ein sjølv, men andre gongar kan det
filtrere vekk informasjon som kan vere relevant, eller gjere det vanskelegare å oppdage noko nytt. I tillegg har motoren fleire gode
funksjonar, til dømes !bang-funksjonen. Med denne kan ein søke direkte på andre nettstadar. Til dømes vil søket bibliotek yt!, ta deg
direkte til Youtube-trefflista for bibliotek, eller til dømes bibliotek !nrkr, som tar deg til NRK sitt radioarkiv. Les meir om søkemotoren og sjå ein kort forklaringsvideo (engelsk) her.

MillionShort – Denne sida presenterer seg sjølv meir som ein «oppdagelsemotor» enn som ein søkemotor. Her kan du fjerne den første millionen med treff, eller dei 100 000 første (eller titusen, tusen, hundre). Når ein leitar etter informasjon etter visse emner, eller ein berre ønskjer å sjå om det finst relevante ting også lengere ned på trefflista, er denne sida god. Den kan altså fungere som eit godt tillegg til eit «vanleg» søk. Her kan ein gå på oppdagelseferd. Kanskje ligg det skattar, begravd under dei mest dominerande sidene, som ein elles ikkje finn.

Read Full Post »

Informasjon om Mappa mi

To elevar ved Viksdalen skule har laga ein presentasjon av utlånsordninga Mappa mi. Med Mappa mi låner du bøker via Internett og administerar eigne lån, ønskjelister og reservasjonar. Obs. Du må ha Nasjonalt lånekort for å kunne bruke Mappa mi.
Sjå presentasjonen som Torgeir Timenes Bell og Jørgen Ness har laga.

Read Full Post »