Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Biblioteket på Sande har stengt tysdag 10/09 på grunn av seminar.

Her er eit lite utval av nye sakprosabøker for vaksne som har kome til biblioteka:

  • Vill glede – ei bok om friluftsliv med born. Turar frå forskjellige stadar i landet vert skildra, og ein finn turtips til alt frå lavterskelturar til turar med overnatting under open himmel.
  • Likar du å strikke kan du finne mange nye mønster frå Setesdal i Strikk fra Setesdal – tradisjon med ny vri
  • Komlelandet – Komle/raspeball/komper/klubb/ball osb. Kjært born, mange namn … Dette er ei hyllest til komla, og er ei «reise i raspeballen sitt kokevatn.»
  • Ølbrygging og mikrobryggeri er i vinden. Boka Ølbrygging fra hånd til munn passar både for dei som vil ha råd og tips til korleis ein kan brygge øl sjølv, og til dei som berre ønskjer litt meir kunnskap om drykken. Inneheld oppskrifter frå blant anna Kinn og Ægir.
  • Serien Arkelogene var populær medan den gjekk på TV tidligare i år. No har serien blitt følgd opp med ei bok.

Velkommen innom biblioteket!

Dei neste par vekene vil det vere ei utstilling av bøker med eit undrande innhald på Sande bibliotek – bøker om filosofi og ulike filosofar, ettertenksame bøker for born, ungdom og vaksne, klassiske filosofiske verk – frå Aristoteles til Ole Brumm.

Kva med å lese ein Platons av dialogar? Eller boka med den rare tittelen På månen spiser de kameler? Her er sakprosa, teikneseriar, essay, biografiar og biletbøker. Mange av bøkene kan lesast av born og vaksne i lag.
Kom innom for ein kikk, og lån med ei bok heim.

Over sommaren har det kome ei rekke nye bøker, lydbøker og filmar til dei to biblioteka i Gaular. For ungdom kan eg til dømes nemne:

For ei fullstendig oversikt over nye bøker og lydbøker for ungdom, trykk her.

Nye filmar for store og små:

Full oversikt over nye filmar – for alle, 7+, 11+, 15+ – finn du her.

Nokre bøker for dei yngre

Det har kome mykje ny skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne:

  • Formødrenes stemmer – Interessant fagbok som gjev eit portrett av ti norske kvinner som alle levde i tida då full stemmerett for kvinner vart innført her i landet.
  • Leksikon om lengsel – Kritikarrost debutroman! Eit leksikon over kjærleiken?
  • Ny bok frå forfattaren av Drageløperen og Tusen strålende soler.

For ei liste over alle nye bøker for vaksne, trykk her.

Titlane som er lenka til over, er berre eit lite utval. For ei fullstendig oversikt over nytt materiale i biblioteka på Sande og på Viksalen, kan du følgje denne lenka.
Her ser ein bort i frå alder, sjanger og format. Du kan avgrense søket slik du vil, ved å nytte boksane til høgre. Hugs: du kan resevere bøker, og anna materiale, heime frå, ved hjelp av MappaMi. Du kan sjølvsagt også søke på materiale frå dei andre biblioteka i indre Sunnfjord, bestille og få det levert på ditt bibliotek.

Velkommen innom!

Oppstart

Då var sommarferien over, og biblioteket er tilbake for fullt. Avdelinga på Sande har hatt ope kvar måndag gjennom heile juli, og no er også tysdagene tilbake. Avdeling Viksdalen opnar att i morgon.

Opningstidene er som før:

Avdeling Sande:
måndag 10.00-18.00
tysdag 10.00-15.00

Avdeling Viksdalen:
onsdag 10.00-18.00

Velkommen!

Opningstider i biblioteka:
Sande: Måndag 10-18, tysdag stengt.
Viksdalen: Onsdag 10-18.

Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tek dyrlægedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Boka høver for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.
Gode argument for å bruke denne boka i skulen:
* hestebok på nynorsk, det finst ingen andre hestebøker på nynorsk
* boka held eit høgt litterært nivå og er meir innhaldsmetta og kunnskapsmetta enn vanlege hesteseriar
* godt nynorsk språk
* kan lære ein del om dyr og livet med dyr av å lese boka
Bok nr.2 og nr.3 er planlagt. Klassesett kan lånast hjå fylkesbiblioteket.